Friskare i Valdres

Friskare I Valdres

Er du ramma av kreft og ynskjer å komme i gang med trening?

 

«Friskare i Valdres» er eit lærings- og mestringstilbod for kreftramma i Valdres som har oppstart 13. februar 2020. Dette er eit kurs for deg som vil komme i betre form saman med andre i same situasjon, enten under eller etter kreftsjukdom/ behandling.

Tilbodet omfattar ei gruppetrening i veka i 11 veker og 4 møter med ulike relevante tema. Treninga vil finne stad både inne og ute og det vil bli tatt individuelle omsyn når det gjeld deltakaranes medisinske forhold og dagsform. Det vil vere fokus på ulike typar trening slik at den enkelte kan bli kjent med ulike måtar å vere i fysisk aktivitet. Gruppene blir leia av fysioterapeut med kompetanse innan trening og kreft (AKTIVinstruktør https://aktivmotkreft.no/vart-arbeid/aktivinstruktor/) og kreftkoordinator.

Tilbodet passar både menn og kvinner, og deltakarane må kunne gå og gjennomføre treninga utan støtte. Det er ein eigenandel på 300 kroner for å delta på kurset. Dette inkluderer individuell time med fysioterapeut før og etter kursperioden for undersøking og testing. Treninga vil vere godt tilpassa målgruppa, men det kan vere greitt å avklare deltakinga med eigen lege på førehand, slik at det er greitt i høve til eigen helsetilstand.

 

Målgruppe:

 

Personar i Valdreskommunane over 18 år som har eller har hatt kreft og som ynskjer å komme i betre form saman med andre.

 

 

Når?

 

Fyrste gruppetrening torsdag 13. februar  klokka 10:00

Deretter kvar torsdag klokka 10 i 11 veker

 

 

Kvar?

 

Treningssalen på Valdres Lokalmedisinske Senter (VLMS)

 

Påmeldingsfrist: 20. januar

 

For påmelding og meir informasjon:

 

Anna Eide, mobil: 941 52 516

AKTIV instruktør og prosjektansvarleg for «Friskare i Valdres»

Fysioterapeut i Nord-Aurdal Kommune og VLMS

Samarbeidspartnere

Webredaktør:

Toril Naustdal

epost: toril.naustdal@nord-aurdal.kommune.no

tlf: 970 43 084

 

Besøksadresse:

Garlivegen 14
2900 Fagernes

Postadresse:

Garlivegen 14
2900 Fagernes