Ungdomens kulturhus Gapahuken
Bygdinvegen 1983, 2940 Heggenes
Kontaktperson
Øystein Skattebu
Telefon
41222840
Nettside
Type
Kommunal
Aktivitet
Møteplass,Aktivitetstilbud,Kulturtilbud
Område
Øystre Slidre
Beskrivelse av virksomheten
Ungdomens kulturhus Gapahuken er ungdomen sitt eige hus i Øystre Slidre. Bygget sto ferdig i 2018, med offisiell opning 31.august. Her er det ungdomsklubbtilbod for ungdom frå 8.klasse-3.vgs to dagar i veka i skuleåret, og ulike aktivitetar og arrangement gjennom heile året. Huset er utgangspunkt for mykje av den kommunale fritidsaktiviteten for ungdom, samt møtestad for ungdomsrådet.
Huset er utstyrt med ulike typar aktivitetsutstyr, som biljardbord, bordtennis, scene, konsertanlegg, brettspel og Playstation. Me har lerret med projektor og 50 klappstolar til filmframsyning, kurs eller seminar. Bygget har eige kjøken med alle kvitevarer og kioskluke. Bygget har universell utforming og publikumskapasitet på inntil 180 personar.
Bygget er tilgjengeleg for kommunens verksemder, skuleklassar, samt frivillige lag og ideelle organisasjonar som ynskjer å drive fast aktivitet, eller enkeltarrangementet. Aktørar som er frå Øystre Slidre og som fell innafor desse kategoriane, kan nytte Gapahuken vederlagsfritt til sine aktivitetar.
Kommersielle aktørar og grupper frå andre kommunar kan leige bygget til arrangement, kurs og møter. Ta kontakt for pris på leige.
Bygget er ikkje tilgjengeleg for private arrangement, t.d. fødselsdagsfeiring, konfirmasjon og bryllaup.
Me tilbyr utleige av konsertscene med eller utan lyd/lysutstyr etter avtale.
Ungdomsklubbtilbod
Øystre Slidre kommune driv organisert ungdomsklubbtilbod for ungdom frå 8.klasse – 3.vgs i Gapahuken. Tilbodet fylgjer skuleruta, og er ope onsdagar frå 14.45 – 19.00 og fredagar 18.30-22.00.
Ungdomskonsulenten er leiar for aktiviteten i Gapahuken, saman med tre tilsette og ein lærling. I tillegg organiserer FAU ved ØSUS natteramnar på fredagane. Klubben har ei eiga frivilliggruppe med ungdom som er med på planlegging og gjennomføring av aktiviteten.
Gapahuken Scene
Gapahuken har modulbasert konsertscene på 16m2, med fast installert lyd- og lysanlegg. Bygget har gode akustikktilhøve for forsterka musikk.
Kulturkontoret i kommunen arrangerer jamleg konsertar i Gapahuken innan ulike sjangrar, og for ulike aldersgrupper. Band og artistar kan gjerne sende førespurnad om å spele i Gapahuken. Det er og mogleg å leige bygget med utstyr og teknikar, om ein ynskjer det. Konsertar vert gjort offentleg på kommunen sine heimesider og på Gapahuken si facebook-side.