Valdres barne- og ungdomsteater
Fagernes
Kontaktperson
Cecilie Solar/ Anica Seljestad
Telefon
450 34 033 / 400 17 505
Type
Frivilling-lag-forening
Aktivitet
Aktivitetstilbud,Kulturtilbud
Område
Nord-Aurdal,Øystre Slidre,Vestre Slidre,Vang,Etnedal
Beskrivelse av virksomheten
Teateret blei etablert i 1988 under namnet Fagernes barne- og ungdomsteater. Frå 2018 skifta laget namn til Valdres barne- og ungdomsteater. Gruppa består av om lag 50 elevar i alderen 8 - 18 år frå alle kommunane i Valdres. Med Anica Seljestad som instruktør har gruppa sett opp store framsyningar med godt renommé. Gjennom åra med Anica har me vist Narnia, Annie, Pippi, Peter Pan, Skjønnheten og Udyret, Oliver Twist og Aladdin. Sistenemnte blei ein suksess, verdig ein 30 årsjubilant. I 2019 stod «Dyrene i Hakkebakkeskogen» på scena til tre fulle salar og stornøgd publikum. Dette er det beste teateret har gjort under Anica Seljestad si regi og målet i vidare er å gjenta suksessen. Når Trollmannen frå Oz kommer på scena vil publikum oppleve mange kule effektar, spannande musikk og akrobatikk og ikkje minst ein gjeng som vil gje alt for dei besøkande.
Framsyningane varer i ca. to timar inkludert ein pause midtvegs. I pausen kan du kjøpe gode kaker, anna godt og drikke for store og små. Inntektene finansierer neste års produksjon.
No i 2020 skulle me vise Trollmannen frå Oz som vanleg i siste helga i april, men koronakrisa har gjort det umogleg. I staden vil me stå på scena i juni 2021 om koronatiltaka er oppheva, eller letta .
Gledd deg til to trollmagiske timar med underhaldning av topp kvalitet 4 juni kl. 18 og 5 juni kl. 14 og 18.
Me sjåast!
Formell kompetanse
Sidan 2011 har gruppa hatt ein erfaren og engasjert instruktør, ho heiter Anica Seljestad. I tillegg til Anica har gruppa: Kelly Haugen på dans, Bjørn Magne Nyhagen på musikk, LazyDog lydproduksjon ved Tor Åge Evenstuen. I det siste har også Teater Innlandet vore bidragsytar på dansesida. Dei har laga og lært elevane koreografiar til låtar i Oliver Twist, Aladdin, Hakkebakkeskogen og Trollmannen. Det er mange aktørar og dyktige fagfolk som gjer framføringa mogleg og ikkje minst ein ihuga dugnadsgjeng blant foreldra og andre frivillige.